Spelar presentasjon - Uke 3
«Spelar presentasjon» er ein artikkel om ein spelar kor eg skriv litt info om ein spelar og kva eg synest om spelaren. I denne vekas «spelar presentasjon» har eg valt å skrive om Neymar Jr.
![]() |
| Bilde tatt fra google |
Neymar
da Silva Santos Júnior
Neymar er ein brasiliansk fotballspelar som spelar for FC Barcelona i
den spanske La Liga og det brasilianske landslag. Han er eit kjempetalent på 23
år, og han har vunne veldig mange store kåringar som for eksempel at han vart
nominert til den beste spelar i verda 2015 som heiter Ballon d’Or. Neymar har
også blitt kåra til den beste spelaren i den brasilianske serien og i 2011 og
2012 vart han kåra til årets spelar i Sør-Amerika.
Neymar var 18 år da han først debuterte for Brasils herrelandslag den
10. august 2010 mot USA der han skåra sitt fyrste landslagmål. Neymar blei også
teke ut til å spele for landslaget i VM 2014 i Brasil.
Etter skaden Neymar fekk i VM 2014, kom han endå sterkare tilbake. Han
hjelpte til med å leia Barcelona til sin tredje ligasiger. Han skåra blant anna
16 mål på 17 kampar for Barcelona.
![]() |
| Bildet tatt fra google |
Eg synest Neymar er ein av dei beste spelarane i verda. Han spelar på jamt
nivå med dei beste spelarane i verda. Han viser godt kvifor
han spelar for laget han gjer. Han er ein veldig teknisk god spelar som utfører
mange gode fintar og triks, men nokon gonger kan det vera litt overdrive. Han har ei veldig god speleforståing, spesielt med Luis Suárez og Lionel Messi. Mange
kallar denne trioen MSN. (Messi, Suarez og Neymar).
Info fra wikipedia


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar